
I kveld er det ei glede å presenterer artist nr 3 under Jazz på Jølst 2026. Schemes Quartet er samansett av utøvarar som alle har sin bakgrunn frå den strålande jazzlinja i Trondheim. Bandet er eit nytt og friskt kvartettpust på den europeiske jazzscena.



I kveld er det ei glede å presenterer artist nr 3 under Jazz på Jølst 2026.Schemes Quartet er samansett av utøvarar som alle har sin bakgrunn frå den strålande jazzlinja i Trondheim. Bandet er eit nytt og friskt kvartettpust på den europeiske jazzscena.
Musikken deira er ukonvensjonell og kontrastfylt, med låtar som blir bundne saman av opne strekk og bruk av ulike improvisasjonsteknikkar.
Medlemmene i bandet har bakgrunn frå ulike prosjekt - og saman er dei no i ferd med å byggje eit eige uttrykk for kvartetten med dei eigenarta stemmene sine.
For vårt publikum er kanskje Veslemøy Narvesen på trommer og vokal den mest kjente i bandet - m.a. frå Lindmo og NRK-scenen og eigenkomponert verk med KORK.
Brede Sørum – saksofon
Oliver Skou-Due – piano
Bendik Løland Lundsvoll – bass
Veslemøy Narvesen – trommer