Silje Nergaard

I dag er det tid for å for å sleppe artist nr 2 under Jazz på Jølst 2026. Silje Nergaard har stått på ynskjelista vår lenge og vi er veldig nøgd for å annonsere at ho står for opningskonserten laurdag 9. oktober.

Fredag 9. oktober 2026
Kl. 19:30 - 21:00
Grand Hotel Skei

På det siste albumet Tomorrow We’ll Figure Out the Rest har Silje skrive ei samling melodiske låtar inspirerte av klassiske jazzstandardar og her vender Silje attende til jazzen, som starta i 2001 med At First Light, som opna døra til den internasjonale jazzscena.

Til Jølster har ho med seg Hallgrim Bratberg og Håvar Bendiksen. Sidan 2010 har Silje og dei to gitaristane turnert verda rundt og fått strålande respons for konsertane sine.

Saman inviterer dei publikum inn i ei nær, intim og leiken konsertoppleving, der Silje deler historiene bak songane. Gitarspelet til Håvar og Hallgrim løftar fram den vakre og særprega stemma hennar, medan dei dynamiske arrangementa deira gir songane nye uttrykk – frå det stillferdige og vare til jazzprega swing.

Publikum kan gle seg til ein konsert fylt med varme, humor og musikalsk leik.

Silje Nergaard - vokal

Hallgrim Bratberg - gitar

Håvar Bendiksen - gitar

We’ll Figure Out the Rest https://open.spotify.com/track/4KAUdFfxYtrerQEw4fwAKq...