SoFunk på Larris

Sunnfjord kulturskule og Jølster Jazzklubb inviterer til: SoFunk - eit regionalt storband for ungdom mellom 13 og 19 år. Velkomen til ein ettermiddag med storbandmusikk framført av engasjerte og motiverte unge musikarar frå heile Sogn og Fjordane.‍

Søndag 8. november kl 15.00
15.00 - 17.00
Laris Scene -

Sundag 8. november kl. 15.00 – Larris Scene (Førde)

Det blir ikkje førehandssal av billettar. - Billett i døra: 250 kr for vaksne | Gratis for born og ungdom

Sundag ettermiddag inviterer SoFunk – Sogn og Fjordane Ungdomsstorband til konsert på Larris Scene.

Her får du oppleve unge storbandmusikarar frå heile Sogn og Fjordane i samspel med instruktørar frå Bergen Big Band. Programmet byr på kjende storbandklassikarar, drivande rytmar og flott ensembleklang.

SoFunk er eit regionalt storband for ungdom mellom 13 og 19 år. Tilbodet samlar engasjerte musikarar frå kulturskulane i regionen til fordjuping i rytmisk musikk, samspel og improvisasjon.

På denne samlinga har bandet arbeidd saman med instruktørar frå Bergen Big Band:

Are Ovesen – trompet

Morten Norheim – saksofon

Kristine Solli Keller – trombone

Michael Barnes – dirigent og saksofon

Øyvind Skarbø – trommer og komp

SoFunk er støtta av Sparebankstiftinga DNB og Vestland fylkeskommune. Sunnfjord kulturskule organiserer og administrerer storbandet på vegner av kulturskulane i regionen.

Velkomen til ein ettermiddag med storbandmusikk framført av engasjerte og motiverte unge musikarar frå heile Sogn og Fjordane.

‍