
Det vert ikkje Jazz på Jølst utan ein konsert for born/familie og i år kjem altså toget til Skei. "TOGET" er eit band som spelar kul gitarmusikk. Her får du musikk du garantert har høyrt før, blanda med nokre nye, friske musikalske kjenningar.



Ta plass på toget og bli med og syng, klapp, knips og dans! Toget slentrar stødig og taktfast langs skinnene og tek deg trygtgjennom kjende og ukjende landskap.
Marius Hirth Klovning - Gitar og Banjo
Edvard Mjanger - Bass
Mats Mæland Jensen - Trommer og perkusjon
Sjå video her: https://vimeo.com/747561324?fl=pl&fe=sh