NB: Denne sida er under utprøving, og arrangementa som ligg her er ikkje reelle enda.

Velkomen til

Jølster Jazzklubb

Ein musikalsk møteplass
for dei med øyre

Komande arrangement

Fredag 18. desember 2026

Julejam — open scene

Før jul samlar me musikarar og publikum til ei jamkveld der alt kan skje. Ta med instrument, noter eller berre godt humør. Me startar med eit kort sett frå husbandet, før scena blir open for gjestar – frå standardlåtar til julesongar med jazzvri.

Laurdag 14. november 2026

Saksofon og stille — solokonsert

Ei uvanleg, vakker oppleving: saksofon aleine i rommet, med klangar som flyt mellom stille og storm. Dette er ei konsertstund for deg som likar å lytte tett på – der kvar tone får puste, og kvar pause betyr noko.

Fredag 18. desember 2026

Julejam — open scene

Før jul samlar me musikarar og publikum til ei jamkveld der alt kan skje. Ta med instrument, noter eller berre godt humør. Me startar med eit kort sett frå husbandet, før scena blir open for gjestar – frå standardlåtar til julesongar med jazzvri.

OM OSS

Bli betre kjend med klubben

Jølster Jazzklubb har sidan 2010 jobba for å gjere jazzmusikken kjend og tilgjengeleg i Jølster og omland. Me skapar konsertopplevingar gjennom året og står bak festivalen Jazz på Jølst, som er hovudaktiviteten og høgdepunktet i sesongen Programmet femner vidt innan jazz og improvisasjonsmusikk, med utøvarar frå lokale, regionale og nasjonale miljø – og i nokre tilfelle internasjonale gjester. Me legg vekt på høg kvalitet, talentutvikling og å skape ein varm møteplass for jazzmusikken.

BLI MEDLEM

Lyst til å bli ein del av jazzfellesskapet?

Bli med å støtte musikken i bygda ved å bli medlem i Jølster Jazzklubb! Som medlem får du rabatterte billettar på alle arrangement, og du får òg røysterett på årsmøtet, slik at du kan vere med og påverke retninga til klubben. Medlemspris er 350 kr per år for vaksne, og 100 kr per år for barn/unge under 25 år. Medlemskap kan kjøpast på arrangement eller via billettsida på TicketCo.

JAZZ PÅ JØLST

Hausten sitt høgdepunkt i Jølster

Jazz på Jølst er hovudarrangementet til klubben — helga i veke 41 blir Jølster fylt med musikk, folk og konsertstemning. Festivalen blir arrangert av Jølster Jazzklubb, og kombinerer store konsertopplevingar med intime augeblink på fleire lokale arenaer. Enten du er jazzentusiast eller berre nysgjerrig, er Jazz på Jølst ei helg for å oppleve nydeleg jazzmusikk og vere ein del av noko heilt spesielt.

Biletgalleri

Sjå fleire